top of page
IMG_0423.JPG

Velkomen til

STARDALEN HYTTEGREND

Welcome to the middle of nowhere!

Er du ein ivrig fjellvandrar, natur-elskar eller berre ynskjer deg ein fredfull pause frå kvardagen? Då kan Stardalen i Jølster være plassen for deg. Mellom mektige fjell og vill vestlandsnatur finn du Stardalen Hyttegrend.  Vi kan tilby 10 store høgstardard hytter med flott utsikt til fjell og bre.

Stardalen i Jølster, bygda under breen, byr på mange flotte naturopplevingar. Her kan du gå varierte fjellturar på alle kantar. Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm som høyrer til Myklebustbreen, Norges sjuande største bre, som ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Dette er eit kjent turistmål.
Stardalen, bygda under breen, er ei bygd me
d mange aktive bønder som driv med husdyrproduksjon.

Om du vil ha deg ein dagstur til for eksempel Sogndal, Stryn eller Geiranger, er dette fult muleg.    


Velkomen til Stardalen

Hytter

VÅRE HYTTER

Stardalen Hyttegrend har 10 store utleigehytter med høg standard.

Kvar hytte er på 52 m2, med delvis overbygd terrasse med utemøbler. Hyttene ligg usjenert til med flott utsikt mot gode naturopplevingar.

Stardalen hyttegrend
Tømmerhytte
Vinterisolert hytte
Aktivitetar

AKTIVITETAR

Fjelltur

Fjellturar

Stardalen har mange spennande fjellturar å by på, både sommar og vinter. 

fiske

Fiske

Er du på jakt etter stor-auren? Då er Jølster plassen for deg. Med Stardalen Hyttegrend som utgangspunkt har du mange moglegheiter til å finne fiskelukka.

astrup

Astrup tunet

Den naturskjønne heimen til Engel og Nikolai Astrup ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Ein kort biltur frå Stardalen Hyttegrend.

brevandring

Brevandring

Innerst i Stardalen finn du Haugabreen, ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark

topptur

Topptur Ski

Stardalen og Jølster tilbyr mange fine skiturar alt i frå korte toppturar til lange skiturar på breen og på fjelltoppar ved kanten av breen. 

eggenipa

Eggenipa

Eggenipa, eit av dei mest fotograferte fjelltoppane i Norge? Den kjende og særprega toppen i Gloppen er absolutt verdt eit besøk.

rafting

Rafting

Gjennom frodig og vakker natur opplever du ei frisk og utfardrande elv, med store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen

kajakk

Kajakk

Opplev naturen frå kajakk, ein fin måte å komme seg nær innpå naturen på ein stille og hensynsfull måte.

trivselsbadet

Trivselsbadet på Sandane

Ynskjer du å bruke ein gråvêrsdag til bad og moro kan du ta turen til Trivselsbadet på Sandane. Bilturen tek om lag 40 minutt frå Stardalen.

GALLERY

BILDER

bottom of page